A-laget til Fitjar har vore i Bergen 2. pinsedag, og kom heim med tre nye poeng etter siger mot Vadmyra 2.

Dermed står Fitjar med seks strake sigrar i årets 5. divisjon, i ein rekordsterk sesongstart. Men denne gongen sat sigeren langt inne; scoringa kom ikkje før to minutt på overtid. Ikkje overraskande var det toppscorar Jan Åge Tislevoll som blei tunga på vektskåla for Fitjar.

Trenar Kjell Træet fortel til Fitjarposten at sigeren var fullt fortent. Fitjar begynte godt og tok tak i kampen frå start av. Kjell André Thorland hadde fleire fine skot som burde gitt utteljing. Vadmyra 2 var ikkje noko stort lag; stort sett lempa dei lange ballar framover og kom ikkje til mange målsjansar. Men dei hadde ein svært god keeper, ein veteran som utmerkte seg med fleire praktredningar. Både Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik og Jan Åge Tislevoll hadde fine sjansar som heimekeepereen redda på imponerande vis.

Heimelaget hadde knapt målsjansar, bortsett frå nokre farlege dødballar, fortel Fitjar-trenaren. Sjølv hadde han gjerne sett at gutane hans hadde vore meir effektive, og han måtte venta i over 90 minutt på sigersmålet. Då var det innbytaren Geir Steffen Tranøy som fekk gleda av å gi ei målgivande pasning til toppscorar Jan Åge Tislevoll. Kjell Træet er mest glad over det som skjer i forsvaret. Det er her dei legg grunnlaget for poengfangsten denne gongen òg. Kjell vil ikkje trekkja fram enkeltspelarar i dagens kamp. – Dette var ein typisk lagsiger, seier han til slutt.