Wärtsilä Ship Design Norway på Fitjar har designa nytt forsyningsskip for Siem Offshore. No skal Wärtsilä levere utstyr til det same skipet.

Det er snakk om eit  LNG-drive (flytande naturgass) forsyningsskip. Kontrakten omfattar design og integrering av løysingar til eit splitter nytt LNG-drive supplyfartøy (PSV).

Fartøyet skal byggjast på verftet Remontowa Shipbuilding i Polen, og vil bli nytta av A/S Norske Shell når det er ferdig. Wärtsilä har tidligare levert design og utstyr til om lag halvparten av skipa til Siem Offshore.

Supplyfartøyet blir 89,2 meter langt og skal vera ferdig i 2015. Det skal nyttast i bore- og produksjonsaktivitetar i Nordsjøen. Fartøyet får eit mannskap på 25 personar.

– Ordren synleggjer Wärtsilä sin status som føregangsverksemd i marknaden for design og utrusting av naturgassdrivne supplyfartøy. I løpet av det siste året har tre store oljeselskap valt Wärtsiläs design og integrerte utstyrsløysningar for sine fartøy i Nordsjøen.