I helga er Fitjar Racing Team i Nord Østredal, med gode sjansar både for Ingve Andrè Strand og Håvard Helland. Fitjarposten følgjer NM-runden.

Endeleg er det klart for årets fjerde NM-runde i crosskart. Bilane er lasta på, og kursen sett nordover i Martin Strand sin innreia Mercedes-buss.

Runden går av stabelen i Nord Østredal på laurdag, og det vert køyrt sprint NM (bakkeløp) på søndag på same plass.

Ingve Andre Strand ligg på delt 1. plass i NM-samandraget, og har uttalt at det ikkje skal vere umuleg med ein siger både i dette løpet og i samandraget ved sesongslutt.

Håvard Helland ligg ikkje så verst an han heller, og sikter for ein plass blant dei fem beste ved sesongslutt.
Han har jo som kjent vist lovendes takter. Håvard er òg ein joker i sprintsamandraget, og har gode mogegheiter her. Dette samandraget er Ingve ute av, sidan han måtte bryte det siste løpet med sprukken motorblokk, som lesarene sikkert hugsar. Men han er med og køyrer for topp plassering der òg på søndag.
 
Racingteamet ønskjer begge førarane lykke til, og det vil komme oppdateringar til Fitjarposten ved løpsslutt både laurdag og søndag,
og fyldig reportasje med bilder på måndag.
 
Lesarane kan òg følgje førarane på www.vhs-motorsport.com, som er Fitjar Racing Team si heimeside.