For 4 året arrangerer Fitjar Teaterlag Revyfestivalen "Berre Galskap". Den går av stabelen i Fitjar Kultur og Idrettsbygg 18 – 21 September 2008.
Årets Festival teiknar til å bli den største, og me har allereie påmelding frå 20 Revygrupper, fordelt på Sogn & Fjordane, Hordaland og Rogaland ! Dette er rekordmange så tidleg, og me forventar at talet på grupper vil kome opp i over 30 !
Nær 200 revyaktørar vil innta Fitjar denne helga, og me håpar at lokalbefolkninga vil få med seg masse god Revy i Kultursalen fredag 19 og laurdag 20 september !
Det blir 2 kvalifiseringsrundar som vert runda av med finale laurdag kveld ! For første gong tek me i bruk Kultursalen som arena, og me har store forventninger til dette ! Det blir òg mange aktivitetar under Festivalen, som er den største av dette slaget på Vestlandet !
Laurdag blir "Andeløpet" arrangert i Fitjarelva. 500 ender blir slepte laust, og det blir flotte premiar til dei "beste" endene"!
Det blir også avvikla kurs under Festivalen. Desse er òg er ope for lokale interesserte ! Det vert kurs i : Produksjonsleiing, dans, sminke, skodespelarteknikk og "Frå Idè til Framsyning" ! Alle kurs går over 2 dagar frå 10.00-13.00 og koster totalt kr.600,-
Festivalen er i tett samarbeid med Fitjar Fjordhotell, og me ser allereie no at me vil ha behov for ekstra overnattingskapasitet ! Dersom nokon har hus, leilegheiter i sentrumsnære strøk denne helga, er underteikna interessert i å få kartlagt kapasiteten då der ser ut som dette vil bli eit behov ! Dette er grupper som betaler leige sjølvsagt!
For vidare informasjon, om kurs , billettar, husvere, kontakt underteikna !
Fitjar Teaterlag
Ole Bergesen
Mob 95 97 51 50