Fitjar Bart samla inn imponerande kr 184.313,- til årets Movember Foundation innsamling.
Sidan 2017 har ein vennegjeng under med hovudsakleg gutar frå Fitjar samla inn pengar til «Movember foundation» kvar november. Samtidig har dei har latt barten gro. Innsamlinga er ein årleg kampanje for bevisstgjering om menn si helse, med hovudfokus på prostatakreft, testikkelkreft, psykisk helse og sjølvmordsførebyggende arbeid.
I år har dei vore 22 karar i gruppa, og det vart både bartar og mykje pengar på gutane.
– I år har me samla inn heile 184.313 kroner. Det er ny rekord for oss og sikra oss ein suveren førsteplass over dei andre gruppene som har samla inn i Noreg, fortel gutane.
Målet var i år 200.000 kroner, men gutane er nøgd med det dei har fått til.
– Me vil takka alle som har gitt pengar, både private og verksemder, fortel gutane, som truleg vert å sjå i sosiale medium att i november til neste år.