Den tradisjonsrike «Kveldaseta» i Øvrebygda kunne i går notere seg for ny innsamlingsrekord til TV-aksjonen. Heile 31 892 kroner fekk dei inn.

Rektor Sigbjørn Aarland fortel om eit yrande liv i ein smekkfull gymsal der elevrådsleiar Malene Alsaker frå 6. klasse ønskte velkomen. Elles var det flott song av elevane – og sal av poteter og elevprodukt. 

– Både elevar, assistentar og lærarar har stått på og gjort ein kjempeinnsats, og pengane vil utgjere ein god del av det samla innsamlingsresultatet for TV-aksjonen i Fitjar, sier rektor Aarland til slutt.