Teikning av badestrand i Fitjar sentrum.

Vi inviterer alle til å gjera seg kjent med planen og gje høyringsuttalar til den.

Av: Harald Rydland, ordførar
og Olaug Haugen, rådmann

Reguleringsplanen for sentrum  skal:

  • Opna Fitjar meir mot sjøen – å etablere ei attraktiv, tilgjengeleg og trygg sjøside
  • Oppretthalda mangfaldet av næringsverksemd og offentlege tenester i sentrum
  • Ha miks av næringsverksemd, bustadar og møteplassar i sentrum
  • Sikre og fornye  areal- og transport og anna infrastruktur – mobilitet
  • Omstille til lågutsleppsamfunn og ha ein tydleg klimaprofil.

Reguleringsplanen er ein områdeplan, men for ein del nye utbyggingsområde kan ein gå direkte frå reguleringsplan til byggesak.

Vi planlegg m.a.:

  • Fortetting av bustader i sentrum med opptil ca 70 – 100 nye sjønære  leiligheter  og småhus i sentrum og på Hegraneset.
  • Nye sosiale møteplassar med badestrand i sentrum, kaifront med kyststi og torgplass, areal for kafe og aktivitetsområde for barn.
  • Forlenga miljøgate til Fitjar kultur- og idrettsbygg, samstundes som vi opprettheld dei butikknære parkeringsplassane.
  • Fleire område med kombinerte formål bustad- og næring
  • Utvider gjestehavn med småbåthavn i sentrum, med ei utforming som toler vind og vær i Fitjarvikjo.

Det skal investerast i økonomisk, sosial og miljømessig berekraft gjennom å investere og drifte offentlege uterom og eit langsiktig strategisk arbeid med å samle funksjonar i sentrum som støttar opp kring kvarandre. Det skal arbeidast systematisk for å sikre at sentrum veks i attraktivitet, og er eit gode for næringslivet, alle innbyggjarar og besøkjande. Det som trekker nye innflyttarar er arbeid og stadens attraktivitet. Realisering av planen vil skje av grunneigarar, næringsaktørar, kommunen og andre offentlege styresmakter, utviklingsselskap m.fl. 

Saman kan vi nå måla.

Oversikt over planområdet.

Kommunen vil arrangere eit folkemøte om planen før sommaren.

Vi inviterer alle til å gjera seg kjent med planen og gje høyringsuttalar til den.  Høyringsfristen er 2. august. De finn planen på kommunen sine heimesider. Kontaktperson er leiar for plan- og byggesak Øystein Sørli.

Det vil sannsynlegvis også bli ein 2. høyringsrunde før planen vert endeleg stadfesta av kommunestyret.