No nærmar det seg utbygging av strekninga Vistvik-Engevik på E39! Kommunestyret handsama i dag ny detaljreguleringsplan for strekninga.

Tidlegare reguleringsplan var frå 2002, men på grunn av utsett byggestart var denne forelda. Det er i mellomtida kome nye reglar og nye krav til vegstandard. Vegen vert bygd med to køyrefelt og gang/ sykkelsti som er skild frå køyrebana med ein refuge på ein meter breidde. Det vert færre avkøyrsler og busslommer enn i dag.

I Engevik vert heile vegsystemet flytta oppover. Dermed må fire bustadhus og fleire uthus innløysast og rivast. Då står det igjen to bustadhus som kjem svært nær den nye vegen. Dei er likevel ikkje så nær at dei automatisk får innløysing. Eigarane ynskjer innløysing, men her er ikkje forhandlingane avslutta enno.

Tidsplanen er at arbeidsteikningar, tilbodsutlysing og siste samtalar med grunneigarar skal gjerast ferdig i inneverande år, og byggestart tidlegast mogeleg i 2014.

Det har vore mange uhell på denne strekninga, og i vinter var det også ei dødsulukke i Vistvik. Det hastar å få utbetra vegen. Trafikken aukar. I perioden januar – mai hadde ferjesambandet Sandvikvåg-Halhjem ein auke på 5,4 %.