Illustrasjon: Statens vegvesen

Godt nytt for Kværner og andre industriverksemder, meiner Øyvind Halleraker.

Ein fersk rapport frå konsulentselskapet Menon Economics spår positive ringverknadar om Hordfast blir realisert. Selskapet spår at bygginga vil generere til saman 24.500 arbeidsplassar, skriv NRK.

– Det er eit spennande utgangspunkt. Me har tunge industribedrifter frå olje- og gass-sektoren med kompetanse som kan nyttast på bruprosjekt, seier bransjedirektør Knut E. Sunde i Norsk Industri til statskanalen.

Vidare i rapporten kjem det fram at verdiskapinga under byggeperioden kan bli på 23 milliardar kroner, altså ikkje så langt unna prislappen på heile prosjektet, som no er i overkant av 30 milliardar.

Skatteinntektene for staten under prosjektet kan kome på opp mot 6,5 millionar kroner.

Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, gler seg over konklusjonen i rapporten.

– Skulle til dømes Kværner få oppdraget å bygge ein flytebru til 15-16 milliardar kroner, vil det skape betydeleg sysselsetting i Norge. Ein kjem ikkje unna at me lever av arbeidsplassar i dette landet, og av at industrien vår har arbeid, seier Halleraker til NRK.