Ei ulykke kjem sjeldan åleine, ikkje på Island heller.

Ein snöstorm pa Nordaust-Island siste døgn førte til at skipet Norrøna, som går til Seydisfjord, ikkje kunne setja folk og bilar på land, og kom seg dermed ikkje attende til Danmark.

Først klokka 18.00 i kveld (tysdag) kunne bilane køyra på land, for vegen var då rydda til Egilsstadir, men ikkje lenger.

Alle bilane frå Europa hadde nemlig sommardekk, og må då truleg venta lenge før dei kjem vidare.

Siste fra Sør-Island om vulkanutbrotet (eldgosid):

Bøndene må sanka sauene, som før utbrotet hadde lamma og var sleppte ut, og få dei i hus. Både lam og sauer døyr, av di dei får oska, som er kvass som glas, i augene og vert blinda.

I går var landskapet på Sør-Island grått, og det var mørkt som ei vinternatt. No lysnar det heldigvis litt.

Me skal reisa torsdag formiddag, men veit ikkje om me kjem av garde.