10. klassingane ved Rimbareid skule er på tur med Aktive Fredsreiser. Denne gongen handlar det om Stasifengselet i Berlin, Sachsenhausen og Ravensbrück.

Stasifengselet i Berlin.

Stasifengselet var veldig interessant. Fengselet var brukt for personar som hadde prøvd å flykte frå Aust-Tyskland eller hadde vore kritiske til staten. Avhøyrsmetodane var prega av fysisk og psykologisk tortur for å bryte ned motstanden hos fangane, og me fekk høyre utrulege torturmåtar for å få folk til å fortelje sanninga. Me fekk sjå forskjellige rom som alle hadde kvar sin måte å pressa folk på for å få dei til å fortelje kva dei hadde gjort, eller å fortelja kva dei hadde sett dersom dei har vore vitne til noko.

Det var ganske vondt å høyre nokre av historiene som guiden fortalte. Blant anna var det fangar som sat i eit svært lite rom. Fangane måtte stå med hendene tett inntil kroppen, og for mange var det ikkje muleg å stå oppreist med hovudet. Her sto dei i opptil 8 timar. Me fekk prøve, og det var ein ubehagelig stilling å stå i etter bare nokre minutt. Fengselsområdet var elles ganske trist med gitter for vindauga og nakne celler.

Sachsenhausen

Sachsenhausen er ein forferdeleg stad som er skjult av ein vegg med piggtråd og vonde minne. Sjølv om det meste er lagt i ruinar, kan ein endå høyre skrika til fangane som levde der. Leiren var laga på ein heilt spesiell måte. Den var ein trekant og brakkane var lagt slik til at de var lett å overvake. Me blei først møtt av eit ironisk skilt som sa «Arbeit Macht Frei» (Arbeid gjer fri). Innanfor porten var det eit flatt landskap med nokre små murar som markerer kor brakkene låg.

Når me ser sola skine og det grøne graset, er det vanskelig å tenkje seg alt det grufulle som hadde skjedd der. I desse brakkene har meir enn 2000 nordmenn budd i fleire år. Leiren hadde eit eige fengsel for nokre av fangane. Dette var gjort om til eit museum med ting og bilete. Der var òg eit krematorium, men det som gjorde mest inntrykk på oss alle var nok rommet der nazistane eksperimenterte med tusenvis av fangar. Blant anna lagde dei lampeskjermar og lommebøker av huda til døde fangar.

Ravensbrük

Etter Sachsenhausen drog vi vidare til Ravensbrük. Dette var ein leir for berre kvinner og barn. Her var det reiseleiarane våre som hadde omvisning for oss. Leiren var litt øydelagt og mykje av den var til renovering, men me fekk likevel sjå ein del av det som hadde vore der.

Det var sterkt å sjå små barn og kvinner tynne som pinnar, og små søte barnekjolar som vart bytta ut med stripete «pyjamasar». Etter med hadde sett oss litt rundt, hadde me ein veldig fin minneseremoni. Jentene og damene la ned blomar i det dei kalla «Tåresjøen». Tåresjøen var eit vatn rett utanfor leiren. Her vart det tømt fleire tonn med aske frå lika som var kremert i leiren.

Etterpå song Marthe Volden Nordfonn og Ingvild Moldestad Oma eit vers frå songen Halleluja av Leonard Cohen. Dette var den siste leiren vi skulle besøke, og turen går no heimover igjen.