I den nye papirutgåve som kom i dag er det litt av kvart å få med seg.

Her kan du lese om korleis det har vore for nokre av innflyttarane våre å kome til Fitjar, og du får vite meir om operasongaren vår Runar Thor Gudmundsson. Vidare får du vite det meste av det som skal skje i ei heilt spesiell kulturveke i slutten av månaden, og korleis det  er å bu i Sentrumsgarden.

På side 4 finn du det meste du treng å vite om kven som kan hjelpe deg med  julebord og catering i Fitjar, og tenkjer du på å leggje nytt golv, skal du ta ein ekstra titt på annonsa til Larsen Multihandel på side 6. Du finn òg ei side der du kan lese litt kva SPAR Fitjar har hatt å seie for fotballen og det frivillige organisasjonsarbeidet i Fitjar.

Andre tilbod du kan lese om er: Sko og støvlettar hos Theo, spa-kampanje hos Hatlevik Rør, konsert med Odd Nordstoga og gode tilbod på vinterdekk hos Mekonomen på Bensinstasjonsområdet.

Varehuset Rydland annonserer for ei rekkje spennande artiklar frå DAB-radio via krumkakejern til Karisma salong, og hos Duo har dei fått nye, flotte økologiske produkt. På side 10 finn du noko kva Sæterbø Maskin, Fjeldtvedt, Dåfjorden slipp, Solheim rør, Aarskog Elektro og Engevik og Tislevoll kan tilby deg.

Til slutt minner me om at du kan tipse kommunen om kandidatar til Kulturprisen og Næringsprisen. Opplysningar om dette finn du på side 10.

For førstesida: Sjå faksimile-biletet ovanfor.

(ANNONSE)