FMV Havbruk kunne tysdag 18. februar 2014 heise flagg for ny kontrakt. – Vi har inngått avtale med Marinus Aqua Service (MAS) på bygging av en 15x12m katamaran, seier prosjektinnkjøpar Jan Thore Josdal i ei pressemelding.

Fartøyet får namnet «Restless Worker» og er byggjenummer FMV207. Overlevering er avtalt til oktober 2014.

Marinus Aqua Service held til i Urangsvåg på Bømlo og vert til dagleg drive av brørne Dave Ole Eidet og Harold Jessie Eidet.

«Restless Worker» blir i hovudlinjene lik FMV 206 som er under bygging no. Dette blir det tredje fartøyet med denne skrogforma levert frå FMV. Utstyrsval og arrangement vert tilpassa rederiet sine spesifikke behov og vert utarbeidd i tett samarbeid. Fartøyet blir bygt som ein arbeidsbåt med stor kapasitet, mellom anna for å gjere oppgåver innan fiskebehandling.

– Tru på marknaden, utviklinga av større dimensjonar på havbruksutstyr og meir arbeid innan fiskebehandling er hovedgrunnar til at rederiet investerer i større båt, med større winche- og løftekapasitet. Arbeidsbåtar av denne typen bør byggjast i stål for å tåle påkjenningene i daglig drift.

For FMV er dette første nybygg til Marinus Aqua Service.

– Me er nøgde med å ha fått ein ny kunde og takkar så mykje for tilliten. Me ser frem mot eit godt byggjeprosjekt saman. Me skal vise oss tilliten verdig ved å overlevere eit produkt som samsvarer med forventingane til reiarane.