Fitjar Mek Verksted AS signerte i dag ein avtale om levering av ein snurpar/trålar for reiarlaget Vendla frå Austevoll.

– Det er fem og eit halvt år sidan sist FMV skreiv fiskebåtkontrakt, og for oss er det viktig å vere tilbake i denne marknaden, seier ein nøgd direktør for FMV, Hugo Strand, til fitjarposten.no.

Strand ser vidare store ringverknader for heile Sunnhordland og Fitjar.
 Og sjølv om skroget ikkje kjem til Fitjar før neste haust, er FMV er allereie godt i gang med innkjøpsarbeidet.

– Eg vil takke Wärtsilä Ship Design ved Trygve Eiken for konstruktiv samhandling i design og engineeringsfasen, FMV sine arbeidarar Nils Andreas Brekke og Odd-Bjørn Troland for godt arbeid så langt -og også Rederiet og FMV sine eigarar for tilliten dei har gjeve oss, fortset Strand som til slutt understrekar at dette er eit resultat av solid arbeid av FMV sine tilsette:

– Det viser seg igjen at det beste salsarbeidet gjer me ved å gjere godt arbeid i produksjonen. Det har vi gjort for Vendla as tidlegare. Denne kontrakten gjev oss eit godt grunnlag for å tenkje på sikt, og fortsetje utviklinga av FMV. Og om me lykkast med prosjektet, kan det leggje grunnlag for vidare satsing innan dette segmentet, seier han.