Fitjar Kraftlag har fått ny nettside. Hovudføremålet har vore å lage eit skilje mellom kraft, nett og breiband.
Dette er i pakt med nye krav ifrå styresmaktene (NVE).
– I tillegg har det vore viktig for oss å få ei enkel side der brukarane kan nå dei ymse tenestene våre med få klikk, seier webansvarleg i Kraftlaget, Elin Erstad, til fitjarposten.no.
– Den største endringa er at kundane no kan fylle ut ulike skjema og bestille produkt direkte på nett. Det gjer det mykje enklare for kundane å komma i kontakt med oss, legg ho til.
Det tyder at du no kan få gjort det meste gjennom nettet. Til dømes flyttemelding – og bestilling av kraft og breiband. Lag og organisasjonar kan og søkje om midlar online.
Fungerande dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, Therese Waage Nysæther, er godt nøgd med nettsida og vil oppfordra alle kundar om å logge seg på «Min side» på www.fitjar-kraftlag.no. Her kan du blant anna fylgje med på forbruket ditt, få oversikt over alle fakturaer og registrere deg for sms-avlesing av målarstand. For å kunne sende inn målarstand via sms må du registrere mobilnummer under «Kundeprofil» på «Min side».
Nysæther og Erstad tek gjerne imot innspel.
– Send oss gjerne ei melding om det er noko du saknar på sida, smiler dei til slutt.