I 2011 fekk dei åtte sunnhordlandsbiblioteka ny nettside. I dag vart ho presentert i ei ny og betre utgåve. Det skjedde på Fitjar.

Som seg hør og bør ved ei opning vart det servering. Vertskap for arrangementet, biblioteksjef i Fitjar, Silje Vågen Torbjørnsen, kunne by på både marsipankake og frukt for å krydra markeringa.

Koordinator for det heile har vore biblioteksjef på Bømlo, Astrid Drevland. Ho leia òg seansen då den nye nettsida vart presentert på Fitjar folkebibliotek fredag middag.

Nettsida er laga i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek. Dei har óg finansiert det tekniske opplegget. Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt var sjølv til stades og peika mellom anna på kor flott det er at ein no har felles profil for sunnhordlandsbiblioteka, samstundes som ein har åtte sjølvstendige bibliotek.

Funksjonell og brukarvennleg
I tillegg til å finne mykje aktuell info om det ein kan låne, komande arrangement og liknande, kan ein på den nye nettsida no reservere bøker «frå sofakroken».

Om ikkje lenge vil ein òg kunne låne e-bøker direkte gjennom denne sida. Det einaste ein treng er lånenummer og pin-kode, noko ein vil få på biblioteket.

Er ein ute etter ei spesiell bok, og ho ikkje er å finne på det lokale biblioteket, kan ein gjennom nettsida lett sjekke om ho er å finne på eit av dei andre.

Under markeringa var det vidare  musikkinnslag ved ei elev frå Fitjar Kulturskule, og eit engasjerande foredrag av Knut Rage om sunnhordlandsforfattarar, sunnhordlandslitteratur og sunnhordlandsbibliotek.

Nettsida finn du her.