No får bøndene på Rydland orden på kumøka, etter at ein ny, stor betongsilo kom med båt og bil frå Danmark i natt.

Då den 26 år gamle impregnerte tresiloen braut saman i januar, slik at møka rann ut over bøen, måtte bøndene leggja hovuda i bløyt. Korleis skulle dei få orden på dei store mengdene med kumøk som blir produserte i fellesfloren? Over 100 beist produserer om lag seks kubikkmeter for dagen. Dei hadde visst lenge at dei før eller seinare måtte byggja eit nytt og større lager, men brått begynte dette å hasta.

Dei tok kontakt med Grude Landbruksbygg på Jæren. Her fekk dei tak i ein stor betongsilo frå det danske firmaet Spæncom AS. Den er sett saman av 37 betongelement, som veg vel 1700 kg kvar. I dag har desse blitt monterte på grunnen som Rydland Storfe har fått planert og støypt i haust. Den er rundt 25 meter i diameter og har såleis ein omkrins på 80 meter. Betongelementa er 4,20 meter høge. Rask hovudrekning tilseier då at betongsiloen vil kunna ta ca. 2000 kubikkmeter møk.

Dette er fire gonger meir enn mottinga inne i sjølve fellesfloren, og vil nok løysa problemet med å lagra møka i periodar då den ikkje kan spreiast utover bakkane. Men det er snakk om ei relativt stor investering; storfebonde Lars J. Rydland snakkar om rundt ein halv million kroner. Men til gjengjeld treng dei ikkje vera urolege for at ikkje denne siloen vil klara å halda på avføringa.