Mariann Vestbøstad Marthinsen fortset suksessen i Sotsji. I dag vart det bronse på stafetten etter Russland og Sverige.

Med seg på det norske laget hadde ho Nils Erik Ulset og Eirik Bye. Mariann pigga to etappar. Dei to andre gjekk ein kvar. 

Mariann har då ein gull og ein bronse så langt i meisterskapen. Noreg har så langt ein gull, to sølv og ein bronse.