I morgon ettermiddag får A-laget til Fitjar IL ein ny sjanse til å sikra opprykk til 4. divisjon når Bergens-laget Laksevåg kjem på besøk til Fitjar Idrettspark.

Som kjent lukkast ikkje Fitjar i å sikra opprykk sist laurdag, då dei måtte bita i det sure graset i Prestagardsskogen. 2-3-tapet mot Trott gjer at Fitjar-fotballen måtte venta ei stund med å sleppa jubelen laus.

Fitjar har lege i toppen av puljen sin heile sesongen, men framleis er det tre lag som kan stikka forbi dersom Fitjar taper dei siste to kampane sine. Anten Halsnøy eller Vestsiden-Askøy kan lura oss for opprykk, men ikkje begge to, for dei møtest på Nyamyro i morgon ettermiddag. I tillegg er Løvstakken farlege. Dei ser ut til å vera i form, og kan stikka forbi med siger i to overkomelege kampar no i innspurten, mot Vadmyra 2 og Rosendal.

I morgon får altså Fitjar ein ny sjanse til å sikra seg opprykk frå 5. divisjon. A-lagsspelarane vonar at flest mogeleg finn vegen til Fitjar Idrettspark i morgon for å heia dei fram. Måtte ikkje sigerschampagnen bli sitjande fast i halsen.