Per O. Thorland tar over som leiar i fotballgruppa i Fitjar Idrettslag etter årsmøtet tysdag kveld; Sonja Fitjar Waage hadde sagt frå seg attval. I styret får Per O. Thorland med seg Gjert Ståle Olsen som ny seniorleiar og Siv K. Sæterbø Fitjar som ny ungdomsleiar. Frå det gamle styret held desse medlemmene fram: Sekretær Kjetil Rydland, kasserar Oddbjørn Thomassen, minileiar Anne Helene Vestbøstad, styremedlem Britt Lise Volden og varamedlemmene Monika Hatlevik og Mona Alfsvåg Traa.

Heller ikkje i år gjekk fitjarbuen mann av huse for å vera med på årsmøtet i fotballgruppa. Men dei 16 frammøtte fekk vera med på eit årsmøte utan dei heilt store og kontroversielle sakene. Fitjar-fotballen har bak seg eit nytt år med rimeleg stabil drift. Etter eit par år med overskot, blei rekneskapen gjort opp med eit lite underskot denne gongen. Men årsmøtet såg ingen dramatikk i dette; økonomien ser ut til å vera under full kontroll.

Når det gjeld den sportslege aktiviteten, har A-laget hatt ei positiv utvikling. I 2010 bestod laget for det meste av juniorspelarar, som gjorde ein fin figur i 5. divisjon, med 3. plass. Trenarane Stein Gunnar Halleråker og Kjell Træet rår over mykje godt det same spelarmaterialet i år, og fotballgruppa ser for seg vidare framgang for desse unge spelarane. Her er mykje talent og treningsvilje samla på ein plass, i ein A-lagsstall med ein gjennomsnittsalder på rundt 18 år. Som vanleg har fotballgruppa hatt god aktivitet i dei aldersfastsette klassane. Utfordringa er å halda på spelarane når dei kjem opp i ungdomsskulealder.