Gisle Levåg tar over som leiar av fotballgruppa i Fitjar Idrettslag etter årsmøtet tysdag kveld. Per O. Thorland hadde sagt frå seg attval.

I styret får Gisle Levåg med seg Renate Hellesund som ny kasserar. Frå det gamle styret held desse medlemmene fram: Seniorleiar Gjert Ståle Olsen, ungdomsleiar Siv K. Sæterbø Fitjar, sekretær Kjetil Rydland, minileiar Anne Helene Vestbøstad, styremedlem Britt Lise Volden og varamedlemmene Monika Hatlevik og Mona Alfsvåg Traa.

Heller ikkje i år gjekk fitjarbuen mann av huse for å vera med på årsmøtet i fotballgruppa. Men dei 12 frammøtte fekk vera med på eit årsmøte utan dei heilt store og kontroversielle sakene. Fitjar-fotballen har bak seg eit nytt år med rimeleg stabil drift. Rekneskapen blei gjort opp med eit overskot denne gongen; økonomien ser ut til å vera under full kontroll.

Når det gjeld den sportslege aktiviteten, har A-laget hatt ei positiv utvikling. Også i 2011 bestod A-laget for det meste av juniorspelarar, som gjorde ein fin figur i 5. divisjon, med ein 6.-plass. Trenarane Stein Gunnar Halleråker og Kjell Træet gjorde også i fjor ein fin jobb med desse unge spelarane. Som vanleg har fotballgruppa hatt god aktivitet i dei aldersfastsette klassane. Utfordringa er å halda på spelarane når dei kjem opp i ungdomsskulealder.