På årsmøtet i grunneigarlaget for Fitjarfjellet i førre veke blei Harald Rydland vald til ny leiar.

Etter tolv år som leiar ville ikkje Tore Sigurd Fitjar stilla til gjenval, og takka for seg i styret. Dei fire andre styremedlemmene blir med vidare etter årsmøtet. Både Reidar Kloster og Sverre Sæterbø takka ja til ein ny torårsperiode, medan Tor Henning Vestbøstad og Helga Rimmereid ikkje stod på val i år.

Leiaren blir vald av årsmøtet, og resten av styret konstituerer seg sjølv.

Meir om Fitjar grunneigarlag kan du lesa her: