35 år gamle Nobukazu Imazu har teke imot jobben som kyrkjelydsprest i Fitjar. 

Den nye kyrkjelydspresten er fødd i Kobe i Japan, men har teke både folkehøgskole og full presteutdanning i Noreg. Han tek truleg til med arbeidet i Fitjar i midten av august.

Til saman har Nobu som han kallar seg på folkemunne, vore i Noreg i 10 år.

Presteutdanninga si har han frå Fjellhaug bibelskule og Menighetsfakultetet, har dei siste åra praktisert som kyrkjelydsprest i Øster frikyrkje.

Med det same kan me òg opplyse at Ola Ohm, som er både organist og teologistudent, og som vikarierte hos oss i fjor, vil vere vikar i Fitjar prestegjeld fem veker i sommar òg.

-Eg har ikkje vore i Fitjar før, men eg har vore eit par gongar på Leirvik. Og eg gler meg til å begynne som kyrkjelydsprest i Fitjar, seier Nobu til Fitjarposten.no