Håvard Singelstad, frå Tysnes, no busett på Stord, er tilsett som ny elverksjef i Fitjar Kraftlag SA.

Det er styreleiar Ranveig Flatråker Ottestad som skriv det i ei pressemelding.

Singelstad har ingeniørutdanning frå NTNU, har vore tilsett i Sunnhordland Kraftlag sidan 2009, og er no divisjonsleiar i SKL Produksjon. Han vil ta til i stillinga ved Fitjar Kraftlag 1. juli i år.