Fitjar Mekaniske Verkstad teikna fredag ein ny kontrakt med Lerøy for bygging av ein ny katamaran.

 Det er Jan Thore Josdal ved FItjar Mekaniske Verkstad som opplyser dette til fitjarposten.no, og landinga av kontrakten gjorde at flagget gjekk til topps fredag klokka 12. Det er fjerde båten på fire år dei byggjer for Lerøy Vest Sjøtroll. Båten er ein arbeidskatamaran på 15×8 meter.

Denne båten får byggnummer FMV 210, og skal utrustast på same måten som søsterskipet FMV 209. Båten skal etter planen overleverast i mars 2015.