Det går unna hjå Fitjar Mekaniske Verksted. Torsdag signerte verftsdirektør Hugo Strand (til høgre) og dagleg leiar i KB Dykk A/S, Ola Krystad, ein kontrakt på eit nytt fartøy, med opsjon på eitt til.
Det var under messa AquaNor i Trondheim dette skjedde. Kjøparen er KB Dykk frå Rørvik, som tidlegare har bygd to liknande fartøy ved Fitjar Mek., og desse blei levert no i sommar. Det er snakk om ein arbeidskatamaran på 15X12 meter i ein noko oppdatert versjon, mellom anna for å møta reglar som trer i kraft i 2018.


Ingressbilete: Handtrykket som forseglar kontrakten. Ola Krystad,dagleg leiar i KB Dykk A/S til venstre og verftsdirektør Hugo Strand. Foto: Fitjar Mekaniske Verksted