Fitjar Mekaniske Verksted AS har inngått en ny byggeavtale med Lerøy Vest AS. Avtalen er for bygging av ein regions- og arbeidsbåt.

Heimli Ship Design v/Asbjørn Vik arbeider med utvikling av designet saman med innspel frå Lerøy Vest og FMV. Båten får FMV byggenummer 205, og overlevering er sett til oktober 2013.

Fartøyet skal gå som en regionsbåt for Lerøy Vest, men dimensjonsmessig vert båten plassert midt mellom lokasjons- og arbeidsbåt. Båten vil  kunne utføre mellomtunge operasjonar på Lerøy sine lokasjonar i Sunnhordalands-regionen.

Utviklinga av konseptet har gått over ein lengre periode, med godt samarbeid mellom reiar, designar Asbjørn Vik og FMV.
Lerøy har stilt med prosjektleiing og sluttbrukarar for å einast om dei beste løysingane rundt bygget. Lerøy Seafood Group ASA er i dag verdas nest største oppdrettar av laks og aure.

Lerøy Vest og FMV hadde òg tett samarbeid under utviklinga og bygginga av MS Triton, FMV Bygg 202, som vart levert i mars 2012.

– FMV set stor pris på tilliten til nok eit nybygg, og ser fram til eit vidare godt samarbeid i byggefasen, og vonleg og i kommande nybyggs-prosjekt, opplyser innkjøpar Jan Thore Josdal ved FMV. Prosjektleiar er Åsmund Sørfonn.