Engevik & Tislevoll har fått oppdraget med å byggje lager og kontorbygg i Årskog for Midtfjellet Vindkraft AS. Det var dagleg leiar Ole Vidar Lunde som kunngjorde dette på ein pressekonferanse i dag. Kontraktane har ei samla ramme på ca 14,7 millionar kroner.

– Arbeida vil starte umiddelbart på Fitjar Kraftlag si tomt i Årskog, Fitjar. Lagerbygget skal vere ferdig i slutten av april 2013, mens kontora skal vere ferdige innan 1. september, opplyser Lunde.

Kontorbygget vil finne sin plass etter utviding av det noverande administrasjonsbygget til Fitjar Kraftlag i Årskog, medan lagerbygget på 1000 kvadratmeter skal byggjast ved den gamle kraftstasjonen like ved.

Leiar for prosjektet hos Engevik & Tislevoll AS, Geirmund Engevik, seier seg svært nøgd med oppdraget, og gjev uttrykk for at jobbane dei har hatt for Midtfjellet har vore både utfordrande og viktige for byggfirmaet.

– Jobben med trafostasjonen på Midtfjellet var ein stor og tung betongjobb i tøffe vintertilhøve. Men me klarte å levere i tide, kom ut med godt resultat, og folka som var med fekk verkeleg lært seg kva fjell er for noko, seier Engevik i ein kommentar.