Kva skjer med kommunestrukturen etter stortingsvalet? Vert det samanslåing? Og i tilfelle, kva så?

I kommunestyremøtet i dag stilte Harald Rydland (KrF) følgjande spørsmål til ordføraren:

BAKGRUNN


Stortingsvalet er vel over og me har alt fått grei melding om kva politikk me kan venta oss på ein del område framover. Det er ikkje tvil om at det snart vert sett i gang ein prosess for å få redusert talet på kommunar i Noreg. Det er heller ikkje tvil om at Fitjar er ein av dei kommunane som ligg lageleg til for hogg i ein slik prosess.



Me i Fitjar kan då velja å forhalda oss til dette på ulike måtar:



1. Me kan seia at dette er me i mot, lena oss tibake og håpa at det går over denne gangen og.

2. Me kan ta inn over oss at dette kjem til å skje, involvera oss i prosessen, vera med og setja dagsorden, og prøva å styra dette slik at innbyggjarane i Fitjar kjem så godt ut som råd.

Fitjar KrF er tilhengar av å gå på løysing nr. 2. Då bør me snarast invitera innbyggjarane og det politiske miljøet i Fitjar med i debatten. I ein slik debatt er det mange spennande spørsmål som kjem opp. Til dømes desse:

– Kan me læra noko av prosessen frå 1964 (Schei-kommisjonen) for å hindra at lokalsamfunn skal verta sette opp mot kvarandre, og at det vert skapt sår som tek lang til å lækja?



– Kor stor kommune bør Fitjar verta ein del av, og kven bør vera med?



- Skal me be om å få fortgang i nokre vegprosjekt og andre offentlege investeringar som ein del av ei kommunereform?

– Korleis vil ei kommunesamanslåing verka inn på talet offentlege arbeidsplassar i Fitjar?



- Bør me sikra at me får eit lokalt folkevald organ som kan fremja Fitjar som lokalsamfunn og styrka samarbeidet mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor på nokre områder, og at dette organet får eit budsjett å forvalta?

– Skal me i ein overgangsperiode prøva å få til ei slags kommunal regjering, der representantar frå dei ulike kommunane/lokalsamfunna får plass?



- Kva kommunale- og andre offentlege institusjonar er det viktig å framleis behalda i Fitjar?


I tillegg til desse spørsmåla er det mange andre tema som og bør trekkjast fram i ein debatt om kommunestruktur.



SPØRSMÅL



– Vil ordføraren arbeida for at me snarast skal få innbyggjarane og det politiske miljøet i Fitjar med på ein debatt – med tanke på ei kommunesamanslåing?



Venleg helsing Fitjar KrF.
Harald Rydland. Gruppeleiar

Ordførar Wenche Tislevoll (H) svarte at endringar kjem!

Det vert ikkje ein frivillig prosess. Saka har vore drøfta 3 gonger i Samarbeidsrådet. Ingen kommunar har starta prosessar på saka enno. Administrasjonen i Samarbeidsrådet lagar sak til møtet i oktober, der også bru-kryssing av Langenuen vert tema. Samferdsle og kommunestruktur heng saman. Kommunenes Sentralforbund hadde i juni oppe sak om kommunestruktur, der dei føreset at Stortinget legg føringar for overordna tidsplan. Ordføraren håpar på gode prosessar for at Fitjar skal koma best mogeleg ut.

Harald Rydland takka for svaret. Han streka også under at Fitjar må koma best mogeleg ut, og peika på at lokalmiljøet må engasjerast. Innbyggjarane må inviterast til temamøte der dei store spørsmåla vert reiste, og innbyggjarane sine meiningar får koma fram.