Fitjar formannskap gjekk i vår inn for å bruka 60 000 kroner for å oppdatera nettsida til kommunen. -No er internettsida på plass, og ein vonar no at det skal bli meir fart både i drifta og antal treff på sida, seier Leif Kåre Helland til fitjarposten.no

Helland meiner elles at den gamle sida var utdatert, og dessutan vanskeleg både å oppdatere og bruke. -Den nye er mykje meir brukarvennleg og dessutan tilpassa det nye sakshandsamingssystemet som kommunen skal ta i bruk etter valet, legg han til.

Nettsida skal òg etterkvart vera ein sjølvbeteningsportal med diverse skjema og liknande, med link til "Mi side", ei sentral side for offentleg service på internett.