Onsdag kl. 19.00 spelar gutane semifinale i sluttspelet om krinsmeisterskapen i Hordaland Fotballkrins.

Etter 4-3 mot Djerv i den dramatiske kvartfinalen søndag ettermiddag er gutane klare for semifinale. Den går på kunstgraset på Fitjar onsdag kveld kl. 19.00.  Motstandar er Nest-Sotra, som sikkert ikkje er å spøka med. I den første kampen sin i sluttspelet slo dei Kjøkkelvik 4-0. Etter at dei hadde vunne serien med siger i 11 av 12 kampar. Målforskjellen på 59-11 virkar imponerande; den viser at dei har scora rundt 5 mål i snitt per kamp.

Men gutane til Fitjar er heller ikkje å spøka med. I serien vann dei 14 av 16 kampar, og målforskjellen 105-19 seier vel sitt. Kampen mot Djerv var solid, bortsett frå ein kort periode midt i 2. omgang. Då sleppte dei, på uforklarleg vis, motstandaren inn igjen i kampen. Trenarane Rune Brakedal og Ketil Fykse håper å unngå slike unødødvendige feilskjer i morgon kveld. 

Dei håper naturlegvis på ein like spennade og underhaldande kamp som på søndag. Og at foreldre og andre supporterar møter opp for å heia gutane fram til siger!