Etter storsuksessen med «Håtta du?» er Osternes Mannskor i gang med øvingar til ein ny kabaret.

Kabareten har fått tittelen «De’mann før eit kast !!» og skal framførast 29. oktober. Undertittelen er «Lettfordøyeleg fiskekabaret servert av Osternes Mannskor», og framføringa vert sjølvsagt i  Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Formann i koret, Karvel Strømme, seier til fitjarposten.no at den nye kabareten skal ha minst like stort opplegg som «Håtta du?», med solosong, kor, allsong, song i grupper, scene med spennande installasjonar – og ikkje minst mange kjende songar.

Det er berre å gle seg..