Wärtsilä Ship Design på Fitjar designer eit stort konstruksjonsskip for Subsea 7 S.A.

Wärtsilä har fått i oppdrag å designe eit stort offshore-konstruksjonsfartøy (Heavy Construction Vessel – HCV). Skipet skal byggjast for Subsea 7 S.A.. Detter er eit subsea engineering- og konstruksjonsselskap som leverer tenester til den verdsomspennande energiindustrien offshore, av Hyundai Heavy Industries (HHI) i Sør-Korea.

HHI er eit av verdas største skipsverft. Wärtsilä Ship Designs VS 4285 HCV-design vil bli eit av dei mest kapable store konstrukssjonsskipa i Subsea 7 sin flåte på over 40 skip.

Fartøyet skal setjast inn globalt for å oppfylle den aukande etterspørsla i marknaden etter skip som kan gjennomføre stadig større og meir komplekse prosjekt.

Det er designa for effektiv drift på dypt og ultradypt vatn, og i barske miljø. Det nye konstruksjonsskipet skal kunne operere året rundt.