Varehuset Rydland har fornya seg på interiør. Målet har vore å skape ein mest mogeleg optimal intereriørforretning, seier Unn Vigdis Skaathun til fitjarposten.no.

Til å hjelpe seg i nyutviklinga har dei henta inn stylist Pål Larsen og salskonsulent Tormod Hvaara frå Herregård Design AS. Og dei er godt nøgd med det dei har fått gjere. Me meiner at butikken no framstår som både  freistande og inspirerande, seier dei.

Eigarane Karsten Vestbøstad og Unn Vigdis Skaathun snakkar òg svært vel om resultatet. Det er både spennande og knallfint, synest me, og så er det berre å vone at kundane våre meiner det same.

Vakker, avstemt og rein design er orda «som renn Fitjarposten i hu». Og vareutvalet er svært variert.

Her er det varer for alle aldersgrupper og alle lommebøker, får me vite, til slutt.