165.154,- kroner vart samla inn av bøsseberarane i Fitjar under TV-aksjonen i dag. -Det er ny innsamlingsrekord, strålar ein imponert Ellinor Austad Bergesen. Av desse pengane kom det 16.154 frå "Kveldasete ved Øvrebygda skule" sitt arrangement på onsdag. I tillegg har kommunen bevilga kr.5.000,-

-Gjevargleda har vore mildt sagt imponerande. Eg har hatt gleda av å ta imot ein mange blide bøsseberarar i banken i kveld. Svært positive tilbakemeldingar frå alle rutene. Folk sat klar med pengane til aksjonen. Eg reknar òg med at det kjem inn ein del på gjevartelefonen i etterkant (spesielt dei som var til fjells og fekk lapp på ruta med oppmoding om å gje). Vel blåst Fitjarbuar, og Tusen takk for DITT bidrag til årets TV-aksjon!, fortsett Austad Bergesen, og legg til:

Folk som venta i kø i Sandvikvåg hadde besøk av bøssebærarar frå Fitjar IL. Dei fleste var svært positive og gav godt med pengar til aksjonen. Men dei unge jentene + ei mor som samla inn, møtte òg mange lite høflege kommentarar frå folk som ikkje synest dette var så kjekt. Men desse tre gjorde uansett ein kjempeinnsats!