Ordførar Harald Rydland rettar fingeren mot Kartverket. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland har i kveld sendt ut ny informasjon frå kriseleiinga i kommunen om dei nyaste smitteverntiltaka og lokale konsekvensar.

No vert venterommet på legekontoret stengt. Kontoret vert opna for dei som har fått avtale om time. Ogso helsestasjonen vert stengt for publikum utanom for dei som har avtale.

– Opningstida på telefon er kl. 8.30 – 15.00. Helsestasjonen kan ein nå på tlf.nr. 480 48 730. 

Fitjar rådhus vert stengt for publikum frå tysdag 17.mars, men ein utvidar opningstidene for telefonen i kundetorget til å vera open frå kl.08.30 til 15.30.

Forbod mot private samlingar

– Helsedirektoratet har med heimel i § 4-1 i smittevernlova, lagt ned forbod mot alle arrangement, både offentlege og private. Slike arrangement skal avlysast eller utsetjast, uansett deltakartal. Fitjar kommune forventar at folk tek solidarisk ansvar for å hindra smittespreiing.

Kriseleiinga skriv vidare om regjeringa si forskrift om forbod mot opphald på hytter utanom bustadkommunen. Så langt har ikkje forskrifta tredt i kraft.

– Bakgrunnen for forskrifta er todelt. For det første kan det føra til auka smittepress i fleire lokalsamfunn, ved at det kjem folk frå ulike stader og flokkar seg saman i butikkar o.l. For det andre kan den lokale helsetenesta, som i utgangspunktet er dimensjonert for dei faste innbyggjarane, få problem med å ta seg av alle sjuke dersom folketalet aukar ved at mange oppheld seg mellombels i  kommunen.

Fram til forskrifta evt. trer i kraft, støttar kriseleiinga i Fitjar statsminister Erna Solberg sitt svært tydelege råd om at folk held seg borte frå hyttene sine.

Betaling i barnehage og SFO 

– Foreldre, som for ei tid mistar tilbod om barnehage og SFO, skal sleppa å betala for denne tida. For å spara mykje administrativt arbeid ber kommunen om at faktura som alt er sendt ut vert betalt. Korreksjon vert gjort på neste fakturering.