No kan du få varsling om viktige hendingar i Fitjar kommune.

Assisterande rådmann Andreas Moe Larsen ber oss gjera kjent følgjande nye teneste frå kommunen: ”Fitjar kommune vil varsla deg ved tilhøve det er viktig at du som innbyggjar kjenner til.

Systemet vil i tillegg bli nytta i krise- og beredskapssituasjonar, dersom du må evakuerast eller treng tidskritisk informasjon frå kommunen.»

Alle opplysningar om saka finn du på Fitjar kommune sine nettsider ved å nytta linken http://www.fitjar.kommune.no/beredskap/varslemeg/