Heimalanne» frå nord for Selbjørnsfjorden har sidan debutplata i 1999 vore ofte å høyra på radio. No håpar dei at dei oftare kan bli høyrt live på våre kantar, etter at fitjardebuten vart unnagjort laurdag kveld.

 

Heimalannet har eit til tider fengjande låtmateriale innfor sjangrane rock og folk-rock, og nokre av desse songane har ein etter kvart høyrt ein god del på radio. Dei skriv sine eigne songar, og dei står for ein integritet; Dei skal gjera det på sin måte, i si eiga språkdrakt. Det skal dei ha stor ros for. Tekstane er lette å kjenna seg att i. Dei handlar om livet og det ein kjem ut for, som kjærleik, uro, omsorg, vonbrot og glede, utan altfor mykje fiksfakseri. Stemninga under konserten var absolutt på det høgaste då songane Kjedlå vår og Dar ska» eg bu blei avspelt. Då gynga det i benkene.

 

Under konserten i revyteltet på Fitjar Fjordhotell laurdag etterkvart blei det ein del publikum. Det var laga til god plass til å dansa på, men det tok sju songar før første paret heiv seg utpå. Konserten med Heimalanne laurdag kveld var ei litt blanda oppleving for underteikna. I mine øyre blei lyden i høgaste laget, og eg oppfatta klangen som skingrande. Det verka likevel ikkje som resten av publikum gjorde seg slike tankar.

 

Etter konserten var Heimalanne» strålande nøgde korleis det var å spela i revyteltet på Fitjar, og dei ville gjerne koma tilbake.

 

– Folk var lyttande og var med på songane,. Me likte oss grådig godt. Heilt topp! oppsummerte vokalist Arne Bøe etter konserten.

 

 

Med plateinnspelingar og jobbar, i tillegg til å spela live, er det ikkje alltid lett å finna tid eller balanse mellom dei ulike «pliktene». Men Bøe fortel at dei har eit ønskje om å spela konsertar over heile Vestlandet, også sør for Bergen, og då er det å spela på Fitjar eit viktig steg på vegen til å erobra sunnhordlandsregionen.