Ein ny handballsesong er på trappene, og førstkomande søndag er det serieopning i 5. divisjon.

Hjelpetrenar Harald Engevik fortel at handballdamene til Fitjar IL startar kampane sine til helga. Søndag klokka 13.55 er det sesongopning i 5. divisjon mot Kleppestø idrettshallen. Fitjar stiller med eit heilt nytt lag i år, med spelarar frå heile øya.

Charlotte Solberg, som er ny trenar, lovar masse mål og høg innsats. Harald Engevik oppmodar folk om å møta fram og heia på laget.

Kampprogram og tabell kan du lesa her:
http://www.handball.no/kamper.asp?mal=2&AvdId=13050