Ein ny solid heimekamp av Fitjar-damene laurdag gav siger 29-17 mot Salhus Spelande trenar Charlotte Solberg hadde grunn til å vera nøgd med både eigen innsats (6 mål) og laget sin innsats i heimeoppgjeret mot Salhus.

Det var aldri tvil om kven som var det beste laget. Til pause stod det  16-10, og Fitjar-damene scora mål jamt og trutt utover i kampen medan Salhus sleit med å få utteljing. Ny på laget til denne kampen var Anna Clementsen frå Færøyane, no busett på Stord. Ho scora 3 mål frå ving.

Maj Engevik var i scoringshumør og vart laget sin toppscorar med 8 mål frå backposisjon. Som i førre kamp kom alle utespelarar på scoringslista.

Fitjar sitt lag:

Kristine Korsvik (keeper)
Julie Jensen (1)
Maria Larsen (1)
Charlotte Solberg (6)
Randi Thorland (3)
Kristin T. Dahl (2)
Maj R. Engevik (8)
Marita Vesterlund (2)
Monica Våge (4)

Resultat og terminliste kan du lesa her:
http://www.handball.no/organisasjon.asp?OrgId=6815