Utanfor SPAR-butikken på Fitjar er Larsen Eigedom AS i ferd med å byggja ut ei ny og større gjestehamn. Dei siste vekene har det blitt mura ein flott mur langs sjøkanten, og i dag har det blitt lagt ut flytebryggje i betong.  Det er folk frå firmaet Ørsta Marina som har lagt ut ny bryggje som består av betongelement. I løpet av eit par dagar vil dei ha lagt ut 5 betongelement på 15 meter kvar. Dei er forankra i tunge lodd som ligg lenger ute i sjøen. Totalt blir det lagt ut om lag 30 lodd a 1800 kilo. Kvart bryggjeelement veg vel 20 tonn. Bryggjene er om lag 120 cm djupe; av dette ligg 70 cm under vassflata. Her kan du lesa meir om firmaet Ørsta Marina: http://www.orstamarina.com/

Ein fornøgd Odd Sverre Larsen i Larsen Eigedom AS kan allereie no konstatera at bryggja fungerer perfekt som bølgjebrytar. Onsdag ettermiddag bles det friskt på Fitjarvikjo, men på innsida av den nye bryggja var det stilt. Så her kan gjester frå fjern og nær trygt leggja båtane sine. Med den nye flytebryggja og den nye muren langs land blir det om lag 150 meter ny kai. Dvs. at kapasiteten blir meir enn dobla. Bak den nye, flotte muren langs sjøkanten blir det lagt ca. 2,5 meter betong. Bak den blir det eit belte med naturstein, og bak den igjen blir det asfaltert på nytt heilt bort til butikken. Anlegget for fylling av drivstoff har blitt kraftig modernisert; den gamle dieseltanken blei sendt til gjenbruk hos Rydland Storfe.

Heile prosjektet blir ferdig rundt jonsoktider. Odd Sverre Larsen kan ikkje gi eksakte tal, men seier det er snakk om ei betydeleg investering. Men nødvendig. No gler han seg til å kunna ta imot gjester, både overnattingsgjester og hyttefolk i Fitjarøyane.