Babysong og småbarnstreff vil prøva å gjennta suksessen med gjennbruksdag, og mange småbarnsforeldre er allereie igang med å rydda opp i skuffer og skap.

Ungane veks fort, og det er få ting som kan brukast fleire sesongar, så når no hausten og vinteren står for døra, er det på sin plass med ei opprydding i garderoben, garasjen og andre plassar. For å sjå kva som ikkje kan brukast lenger og får å få oversikt over kva ein treng. Mange kle og mykje utstyr rekk ein ikkje å slita ut, og då er det kjekt at andre kan dra nytte av det. I mai hadde småbarnstreff ein gjennbruksdag der dei som ville tok med seg brukte ting/kle som dei ikkje hadde behov for lenger og selde det for ein sumbolsk liten sum på ca. 10,- pr stk. Dette var populært, og onsdag 1. oktober legg dei på ny til rette for gjennbruk. Denne gongen vert det hovudvekt på haust- og vinterkle og utstyr. Pengane som kjem inn går til drifta av babysong og småbarnstreff. Det vert og anledning for folk å selja barneutstyr og sportsutstyr med større verdi. Då set ein sjølv ein pris på vara, sel det på eiga hand og får pengane sjølv.

Det vert først vanleg songstund og matøkt, før ein går over i gjennbruksavdelinga. Då er klokka blitt ca. 11.30, og alle som ynskjer å koma er velkomne då, sjølv om dei ikkje går på småbarnstreff til vanleg. Gjennbruk er miljøvennleg, økonomisk og in i tida, og Kari Anita, Astrid og Helga på babysong og småbarnstreff håpar mange vil nytta dette unike høvet til å selja ting dei ikkje har bruk for lenger og til å skaffa seg brukt det ein har behov for.