Den høgaste fjelltoppen i Fitjar kommune heiter Litlasåto, og i høve 150-årsjubileet har Stranda vel bygt ny varde på den lite påakta fjelltoppen.

John Karsten Raunholm fortel vidare i ei melding til Fitjarposten:

«Fitjar Kommune sin høgaste fjelltopp heiter Litlasåto. Den ligg 676 m.o.h. Denne toppen har opp gjennom åra fått lita merksemd. Få legg turen innom denne fjelltoppen, truleg fordi den har fått liten omtale. Stord Fitjar Turlag har heller ikkje profilert toppen som noko turmål. Dei går like godt forbi når dei går Stordøya på langs. Toppen ligg om lag 10-15 min. gange mot Kidno frå Mehammarsåto. Her er det flott utsyn mot m.a. Melen, Klovskarfjellet og Kidno.

Stranda Vel har som ein honnør til Fitjar kommune sitt 150-årsjubiluem bygd stor fin varde med flott namneskilt på toppen laga av Ølav Øvrebø. Søndag 27. juni kl. 12.00 vert det offisiell markering av den nybygde varden på Litlasåto. Kultursjefen i Fitjar, Elise Aarbø, har fått det ærefulle oppdraget å klippa snora. Stranda vel ynskjer at flest mogeleg tek turen til Litlasåto denne søndagen.

Velforeningen inviterer i same slengen til overnattingstur  ved Tindaslottet frå laurdag 26. juni til søndag 27. juni. Ta med mat, telt og sovepose. Du vil få ein fantastisk opplevelse du seint vil gløyma.»