Det har vore stilt om Litlasåto lenge, etter at det blei bygt ny varde på den høgaste toppen i Fitjar for to år sidan.

John Karsten Raunholm bygde ein flott, ny varde, og kultursjef Elise Aarbø stod for den høgtidelege opninga 27. juni 2010. Kort tid etter blei det lagt ut ei bok som spreke fjellfolk kunne skriva seg inn i. Men snart viste det seg at Quality Street sjokoladeboksen ikkje dugde til å ta vare på boka i det harde klimaet på toppen av Litlasåto, 676 meter over havet. Boka heldt på å gå i oppløysing og blei berga ned til låglandet hausten 2010.

No er boka komen på plass att, og ventar på spreke fitjarbuar og andre turfolk. Me reknar i alle høve med at mange vil finna vegen til Litlasåto i byrjinga av oktober. Etter det Fitjarposten har grunn til å tru, vil den høgaste toppen i Fitjar stå på programmet når årets 7-fjellstur går av stabelen om eit par månader.