Torvald Ingebrigtsen vart valt til ny formann i Fitjar pensjonistlag som hadde årsmøte på Fitjar bedehus i går kveld. Avtroppande formann Arne Tislavoll vart takka med blomar.

I det nye styret i pensjonistlaget sit elles Solveig Hamre Fitjar, Tora Ingebrigtsen, Bjørg Vinje Jensen (attval) og Bjørn Skumsnes (ny).

Av årsmeldinga går det fram at Fitjar pensjonistlag hadde eit bra arbeidsår i fjor, både med omsyn til økonomi og frammøte. Laget har 66 medlemer.

Under årsmøtet i går kveld vart òg planane for det planlagde Seniorsenteret i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg drøfta. Som ein konklusjon på det kan ein seia at Fitjar pensjonistlag er noko skeptisk til at eit slikt senter skal kome i 2. høgda i Kulturhuset. -Det bør vere på grunnplanet, meinte fleire av dei som hadde ordet. Det gamle Rydland-huset vart òg nemnt som ein alternativ plass for eit slikt senter. Det vart til slutt vedteke at laget vil sende eit brev om denne saka til komiteen som arbeider med dette.