Friluftsrådet Vest har nytta meir midlar i Fitjarøyane. No er det lagt ut ny flytebryggje i Austre Vikjo på Smedahomen

For å kunne nytta endå betre det fine friluftsområdet på Smeholmen, har Friluftsrådet Vest lagt ut ny flytebryggje i Austre Vikjo. Bryggja er 12 meter lang, ein solid konstruksjon og svært stabil.

Robert og Bård Inge Sørfonn la bryggja ut denne veka og den er no klar til bruk for alle som vil ta seg ein tur på Smedaholmen.

Friluftsrådet har invistert fleire hundre tusen kroner i Fitjar i år ved at dei tidligare har rusta opp Breiavikjo (badeplassen i Storavatnet) og  stasjonert ny båt i Fitjarøyane, i tillegg til den nye bryggja.