Fitjardamene var fredag kveld på Telavåg og spelte årets siste bortekamp i serien, og dei vann igjen.

På ei ikkje alt for god grasmatte skulle det vise seg og bli ein tung og hard kamp. Eit Telavåglag som spelte hardt og satsa for det meste på lange baller, klarte å halde følgje med Fitjardamene i store delar av kampen.

Det blei for det meste kjemping, og det gode spelet uteblei denne gangen, men tre nye poeng
blei med heim til Fitjar.

No ventar Bremnes i siste kamp heime på kunstgraset, og med seier i den kampen kan damene kalle seg serie-vinnarar i årets sesong òg.