Visningssenteret i Engesund har vore utan fisk sidan juli, men i går kom brønnbåten «Øystrand» og fylte merdane med smolt.

Visningsvert Lisa Instefjord Gilje tok oss med ut for å sjå på på leveransen av 230 000 smolt frå Vik Settefisk i Øygarden. Det er ho som har ansvaret for Visningssenteret, som blei opna 18. januar av fiskeridirektør Liv Holmefjord. Eigar av senteret er Engesund Fiskeoppdrett AS, der mannen hennar, Svein Eivind Gilje, er dagleg leiar. Engesund Fiskeoppdrett AS har konsesjon på 780 tonn fisk og to anlegg, eitt på kvar side av Dyrholmen. På vestsida har dei aure, medan dei fylte opp anlegget Dyrholmen Øst med laksesmolt i går, på årets mørkaste dag.

Fisken blei pumpa frå båten over i dei seks merdane som ligg i tilknyting til visningssenteret på austsida av Dyrholmen, ut mot Selbjørnsfjorden. På brønnbåten møtte me matroslærling Lars Fitjar Waage frå Fitjar og matros Idar Åge Kolbjørnsen. Dei arbeider for Bømlo Brønnbåtservice, og begge har solide røter i Brandasund. Dei fortel om ein triveleg jobb, sjølv om det ofte kan bli lange dagar og netter.

Røktarane Ingebrigt Kleppe og Natthampon (Goff) Artsamai tok imot fisken som kom i går. Førstnemnde er medeigar og veteran med over 25 år i bransjen, medan Goff er lærling. Dei tok prøver av fisken som blei pumpa over i merdane og vog opp 10-12 stykke om gongen for å finna gjennomsnittsvekta. Den var rundt 60-70 gram, noko som er litt lite, etter det me forstår på Lisa. Når fisken er liten, er han ikkje så godt skikka til å takla alle utfordirngane i sjøen, seier ho. Men til gjengjeld såg fisken i går sunn og frisk ut.

No skal fisken veksa opp i anlegget på austsida av Dyrholmen, og blir nok der i over eitt år, til gjennomsnittsvekta er fire-fem kilo, sier Lisa. Ho minner om at visningssenteret er ope heile året. Ho tek imot gjester for omvising, og hentar på kaien til Larsen i Fitjar sentrum. – Det er berre å ta kontakt, seier ho.