Orienteringsgruppa inviterer til ny Finn fram-dag søndag 2. mai.

Det vert frammøte ved Dalshaugane klokka 13.00. Turen går til Skjeningetjødno, ca 2,5 km frå parkeringsplassen. Langs skogsvegen vert det postar med spørsmål, og ved Skjeningetjødno vert det gratis pølser og saft til alle. Det vert og ei enkel o-løype med premie til alle som deltek.

Dei som ikkje har kjøpt turorienteringsposen får høve til å gjera det, og 12 av årets postar kan vera naturleg å ta på vegen ned att, opplyser Rolf Atle Rolfsnes i orienteringsgruppa.

O-gruppa minner og om rekruttløpa denne sesongen. Det er allereie arrangert to løp, men det er framleis tre løp igjen før sommaren. Torsdag 6. mai er det frammøte ved Tveitasaga, tysdag 11. mai ved Svartasmogvegen og torsdag 20. mai ved Dalshaugane. Alle dagane er det start frå kl. 17.30.