Det er ikkje lenger store stykket du kan køyre i 80 km/t langs FV 545 frå Fitjar sentrum til Rydland.

No er det nemleg kome opp skilt som syner at det er 60-grense heilt ifrå Rimbareid til Tveita. Så er det 80-grense eit lite stykke derifrå til Aarbø, før det vert 60 km/t att – fram til litt forbi butikken på Rydland.